
Snart tariff 2012
Mange har allereie levert sterke meiningar om tariffoppgjeret i 2012. Statsministeren vil ha eit soli-daritetsoppgjer, og får som vanleg følgje av arbeidsgjevarane. Bakgrunnen er finanskrisa i Europa og frykta for at Noreg skal prise seg ut av marknaden. Dermed går arbeidsplassar tapt, og norsk
økonomi kjem i trøbbel. Difor er vel eit nulloppgjer det beste for alle?
Så enkelt er det ikkje. Norsk økonomi er god. I mange næringar er det kamp om kompetent arbeidskraft. Og viss det berre handla om lønnskostnader, hadde norsk eksportindustri vore utrydda for lenge sidan. Men mange slit, og somme bukkar under. Når det framleis likevel er levekraftig industri i by og bygd landet rundt er det fordi store delar av industrien er kompetansebasert, produktiv og omstillingsdyktig. Nærings-livet må konkurrere på kvalitet.
Industrien er difor avhengig av ein velfungerande offentleg sektor. Ikkje minst drar næringslivet nytte av kunnskap - av utdanning og forsking. Verdi-skapinga er breitt forankra. Mange står bak når norsk næringsliv konkurrerer internasjonalt.
Partane i industrien forhandlar først, og «veit» kva som tolest. Lønnsnivået for industriarbeidaren ligg no 50 prosent over konkurrentlanda. Derimot har Noreg billege akademikarar. Det er knapt noko anna land det er "naturleg å samanlikne seg med" der det løner seg så dårleg å ta lang utdanning som i Noreg. For somme yrke er det rett og slett eit tapsprosjekt.
Lønnsutjamning har sine fordelar, men også sine grenser. I det lange løp er det ikkje opplagt at låge lønningar for utdanningsgruppene er ein «konkur-ransefordel» for Noreg.
Det er både paradoksalt og provoserande når politikarar og arbeidsgjevarar stadig rettar moderasjonspeikefingeren mot utdanningsgruppene i offentleg sektor. TBU-tala frå offentleg sektor illustrerer situasjonen: gjennomsnittleg industrilønn er 467 000 kroner, gjennomsnittslønna i kommunesektoren er 398 000 kroner. Snittlønna for ein industrifunksjonær er 580 000 kroner,godt over det som er lønnsnivået i det offentlege. Desse skilnadene tilseier at både Unio og Akademikerforbundet må stå på vidare. Vi bur oss godt til 2012-oppgjeret og vi vidareutviklar langsiktige strategiar som skal heve lønnsnivået for medlemmene.
Vi må i endå sterkare grad vere offensive i heile lønnskjeda. Medlemmene må tøffe seg opp både ved tilsettingar, ved omstillingar og endra oppgåver. Det er legitimt å stille lønnskrav. Det er lov å seie nei til eit jobbtilbod om ikkje rimelege lønnskrav blir innfridd. Viss utdanningsgruppene ikkje set pris på eigen kompetanse, kvifor skal arbeidsgjevarane gjere det?
Kampen om kompetansen skjer først og fremst lokalt. Lokale forhandlingar er difor meir enn å «fordele potten».Dei tillitsvalde må kontinuerleg vere i lønnsdialog med arbeidsgjevar, også lokalt. Kva treng arbeidsgjevar og kva kan vi tilby?
Det sentrale forhandlingssystemet har sine klare fordelar. Det er her vi kan dra nytte av felles kampkraft mot gjenstridige arbeidsgjevarar. Men dei sentrale forhandlingane må supplerast og forsterkast.
Unio-leiar Anders Folkestad



