Høgare ramme til offentleg sektor

Under Unio sin inntektspolitiske konferanse starta Unio-leiar Ragnhild Lied med å vise til det dystre bakteppe med det brutale, russiske angrepet på Ukraina og oppfordra til solidaritet med det ukrainske folk. – Vi står fullt og heilt bak vår internasjonale fagorganisasjon si fordømming av den russiske invasjonen. Vi håper at diplomati og forhandlingar kan få ein rask slutt på krigshandlingane, sa Lied.

Unio-leiaren viste til at millionar av uskyldige blir råka og drivne på flukt og ga utrykk for at det er positivt at regjeringa er tydeleg på at Noreg skal ta sin del av ansvaret og gje flyktningane mellombels kollektivt opphald.

– Det vil sikre raskare busetting og raskare integrering. Det er viktig at busettinga i kommunane skjer raskt. Unio sine yrkesgrupper sto sentralt i mottaket og integreringa av flyktningar frå Syria i 2015. Det ansvaret er vi klare til å ta igjen. Det handlar om alt frå registrering ved ankomst til helsehjelp, barnehage, ja, utdanning på alle nivå og arbeid, sa Ragnhild Lied.

Les mer på Unio.no


Akademikerforbundet

Tollbugata 35
0157 Oslo
Tlf.: +47 21 02 33 64
Web-redaktør: Astrid T. Sørland
post@akademikerforbundet.no

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Utviklet av Imaker as