Varsling er ein verdi, ikkje eit problem

Eit nasjonalt varslingsombod vil hjelpe både arbeidstakarar og arbeidsgivarar med å førebyggje og handtere krevjande varslingssaker, og det vil spare samfunnet for store kostnader og belastingar. Vi i Unio er derfor svært nøgde med at varslingsutvalet i innstillinga si følgjer opp Unio sin tanke om eit eige nasjonalt varslingsombod. No er det opp til regjeringa og Stortinget å følgje opp for å få dette på plass, skriv Unio-leiar Ragnhild Lied i ein kronikk i VG i dag.

I kronikken i VG argumenterar Unio-leiaren for at varsling lønner seg.
«Ifølgje ein fersk kunnskapsrapport som Oslo Economics har utarbeidd, sparer varslarar samfunnet for opptil 12 milliardar kroner årleg ved å avdekkje kriminelle økonomiske forhold, førebyggje skadar og ulykker, hindre fråvær og skape eit betre og tryggare arbeidsmiljø. Men nokon må betale prisen: den som varslar. Om lag 50 prosent av norske arbeidstakarar vel å ikkje varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Bakgrunnen for det er at veldig mange – cirka 25 prosent – av dei som varslar, opplever negative reaksjonar eller sanksjonar når dei varslar. Mobbing og trakassering frå leiarar og kollegaer er vanleg, og varslaren mister arbeidsoppgåver eller blir «straffa» på andre måtar. Svært mange varslarar seier opp jobben eller blir sjukmelde, mens arbeidsmiljøet i verksemda blir øydelagt og dei andre tilsette blir påverka negativt», skriv ho blant anna.

Ifølgje Lied kjenner varslarar ofte ikkje reglane for varsling, og dei veit heller ikkje kvar dei kan få hjelp.
«I dag har ikkje varslarane nokon stad å gå for å få hjelp. Vi har ikkje som Nederland innført noko varslarhus der varslarane kan få direkte hjelp. Samtidig kjenner altfor få arbeidsgivarar til varslingsreglane. Det er alarmerande.»

Unio foreslo alt i 2016 at det blir etablert eit nasjonalt varslingsombod som kan hjelpe både arbeidsgivarar og arbeidstakarar i varslingssaker. Det regjeringsoppnemnde varslingsutvalet følgde opp ideen og har samrøystes foreslått dette overfor regjeringa. Utvalet overleverte rapporten sin i mars i år, og denne er no ute på høyring.




 

Akademikerforbundet
Tollbugata 35
0157 Oslo
Tlf.: +47 21 02 33 64
Web-redaktør: Astrid T. Sørland
post@akademikerforbundet.no

Utviklet av Imaker as