Gå til innholdet
Meny

Ingrid Hindenes

Sist oppdatert: 09.10.2025 11:43

Alder: 51 

Stilling/arbeidsplass: Konsulent / Nav Familie- og pensjonsytelser Bergen 

Tariffområde: Statlig sektor 

Innstilt av valgkomitéen som styremedlem 

Hvilke verv du har du / har du hatt i forbundet? 

Hva er din kjernekompetanse & Hva kan du bidra med som styremedlem? (slår disse to sammen 😊)  

Mi kjernekompetanse ligg innan styrearbeid, der eg har opparbeidd meg brei og variert erfaring gjennom mange år. Eg har hatt styreverv på fleire nivå – mellom anna som leiar for styret i eit skulekorps, medlem av kommunestyret, plan- og miljøutvalet, samt styreverv i Akademikarforbundet og i Høgre sitt lokallag.  

Gjennom denne erfaringa har eg utvikla god evne til å sjå heilskapen og bidra til å utvikle organisasjonen i tråd med måla og verdiane me arbeider etter. Eg har òg opparbeidd meg kompetanse på rolleforståing, noko som er heilt avgjerande når ein sit i eit styre. Eg er medviten om skiljet mellom styret si strategiske rolle og den daglege drifta, og eg er lojal mot dei vedtaka som vert fatta – uavhengig av kva syn eg har hatt i diskusjonen på førehand. 

Vidare har eg god innsikt i korleis organisasjonar fungerer, inkludert struktur, kultur og beslutningsprosessar. Eg tek ansvar for dei oppgåvene eg får tildelt, og stiller alltid førebudd til møta. Eg har evne til å uttrykkje eigne meiningar tydeleg, lytte til andre, delta aktivt i diskusjonar og bidra til eit godt samarbeidsklima gjennom respektfull dialog. I tillegg meiner eg at mi gode kompetanse knytt til politisk arbeid er ein viktig ressurs, særleg når me ønskjer å påverke politiske beslutningar til det beste for medlemmane i Akademikerforbundet. Med bakgrunn i politisk erfaring har eg god forståing for korleis ein kan arbeide målretta og strategisk for å få gjennomslag for saker som har betydning for medlemmane sine vilkår. 

Eg er trygg i handtering av usemje og konfliktar som kan oppstå i eit styre, og har fokus på å finne gode og berekraftige løysingar som tener fellesskapet. Alt i alt meiner eg dette gjer meg til ein engasjert, strukturert og løysingsorientert ressurs i styresamanheng. 

Hva syns du Akademikerforbundet bør fokusere på i den neste Landsmøteperioden? 


Det er særs viktig for meg at me halde fram med å ha eit sterkt fokus på at høgare utdanning skal lønna seg. Me må prioritere lønns- og rettighetsspørsmål, samstundes som me løftar fram temaet livsfaseorientert tilrettelegging for å sikre at alle arbeidstakarar får tilpassa arbeidssituasjonen ut frå sine ulike livsfasar og behov. 

Vidare er eg opptatt av at me må være ei tydeleg stemme og ein aktiv aktør i arbeidslivsdebatten. Gjennom engasjement i saksprega debattar må me løfte fram og påverke dei sakene som er viktigast for våre medlemmar. 

Fokus på å rekruttera, det er avgjerande at me satsar målretta for å få nye medlemmar inn i organisasjonen, samtidig som me har eit godt system for å ivareta og engasjere dei me allereie har. For å ha reell påverknad må me vere mange nok, og me må byggje eit sterkt fellesskap som kan stå samla i utfordringane som arbeidslivet møter framover. 

Hva fremhever du når du anbefaler medlemskap i Akademikerforbundet? 

At vi er politisk uavhengige, har gode medlemsfordelar, mange engasjerte tillitsvalde som kan bistå i små og store utfordringar, og eit sterkt fokus på at høgare utdanning skal lønne seg.  

Tollbugata 35,
0157 Oslo

Org.nr. 971 526 564

Telefon: (+47) 21 02 33 64
E-post: post@akademikerforbundet.no

Web-redaktør: Astrid T. Sørland

Design: Milla Design / Utviklet av: Imaker as