Ja til ein god offentleg pensjon

"Mange av medlemmene i Unio skal i desse dagar seie ja eller nei til endringar i tenestepensjonsordninga for tilsette i offentleg sektor. Det beste med den nye avtalen er at yngre generasjonar får ein betre pensjon. Det blir i langt større grad mogeleg å kompensere for den tøffe levealdersjusteringa." Dette skriv Unio-leiar Ragnhild Lied i ein kronikk.

Resten av kronikken lyder:
"I 2005 samla Stortinget seg bak eit pensjonsforlik. Det viktigaste sparetiltaket her er levealdersjustering. Dette inneber at opptent pensjon skal fordelast over forventa levealder for kvart årskull. Levealdersjusteringa  blei iverksett frå 2011. Den praktiske konsekvensen er at kommande pensjonistar, ettersom som vi lever lenger og lenger, må stå lenger i arbeid for å oppnå dagen pensjonsnivå på 66 prosent av sluttlønna.

Det har dei siste 10 åra vore dialog mellom ulike regjeringar og  hovudorganisasjonane for å finne gode løysingar for tilsette i offentleg sektor som følge av pensjonsreforma. Vi blei ikkje samde med den raud-grøne regjeringa i 2009. For to år sidan braut vi også samtalar med den blå-blå regjeringa fordi vi ikkje fekk reell forhandlingsrett. Men desse samtalane kom i gang igjen, og vi har det siste året hatt intense forhandlingar med regjeringa. Dette førde fram til forslaget til ny avtale, som no er til vurdering i medlemsforbunda.
 
Vi har fått gjennomslag for fleire av krava våre. Avtalen som eit samla styre i Unio og dei andre hovudorganisasjonane har tilrådd gir ein god pensjon for dei fleste. Særleg viktig er det at offentleg tilsette vil kunne kompensere for levealdersjusteringa 2–3 år raskare enn om dagens ordning blir vidareført. Det betyr at den nye avtalen er gunstigare for dei yngre  enn om vi held fram med den noverande ordninga. Når Unio tilrår denne avtalen, er det ikkje minst med tanke på at dei som er unge i dag også skal få ein god offentleg tenestepensjon.

Fleire av Unio sine medlemsgrupper er omfatta av ordninga med særaldersgrenser. Det vil seie at dei, på grunn av særskilte krav til yrket, har lågare pensjonsalder enn dei fleste andre. I avtalen har vi fått gjennomslag for å forhandle med regjeringa om ei tilpassing for særaldersgrensene. Desse forhandlingane startar til hausten, dersom avtalen blir vedtatt.

Somme av medlemsgruppene i Unio har ekstra lang utdanning, og startar difor seint med opptening av tenestepensjon. For desse er det viktig å kunne spare opp pensjon i alle åra dei jobbar. Dess fleire år i arbeid, dess høgare pensjon. Pensjonsavtalen vi har forhandla fram, møter dette behovet.
 
Forhandlingsresultat er sjeldan perfekte. Dei er ofte prega av kompromiss mellom mange aktørar og ulike behov. Eg har vore open på at avtalen kunne vore betre for dei som ikkje klarer å stå lenge i jobb. Vi skulle gjerne hatt eit betre tidlegpensjonstillegg som var høgare, og strekte seg lenger enn til 1970-kullet.

Samtidig ser vi at mange klarer å stå lenger i arbeid ved å trappe ned i deltidsstilling dei siste åra. Det er slik mange har brukt og bruker dagens AFP-ordning. Mange trappar ned til 60 prosent stilling etter at dei har fylt 62 år, og pensjonerer seg heilt ved 65 eller 67 år. Du vil kunne gjere det same med den nye ordninga og kome betre ut. I tillegg vil den nye pensjonsordninga vere meir fleksibel ettersom du kan variere arbeidsinnsatsen og ha tilleggsinntekter, utan at du får trekk i pensjonen. Det kan du ikkje med dagens ordning.

Avtalen blir no diskutert og vurdert.  Somme meiner at avtalen ikkje er god nok, og at det bør røystast nei i uravrøystinga. Dette for å presse regjeringa tilbake til forhandlingsbordet, blir det hevda. Til det er å seie: Pensjonsforhandlingane var ikkje tradisjonelle tarifforhandlingar, med eventuell mekling og streik. Utgangspunktet for regjeringa ikkje var forhandlingar, men ein politisk prosess. Det stod mellom ny avtale, eller vidareføring av dagens ordning.

Eit nei frå medlemmene fører oss ikkje tilbake til forhandlingsbordet. Då blir dagens ordning vidareført, og det vil mange, særleg dei unge, tape på. Jo lenger vi ventar, jo verre blir det. For det er IKKJE levealdersjusteringa medlemmene no skal seie ja eller nei til. Den er vedtatt og innført av Stortinget. No skal medlemmene ta stilling til ein ny pensjonsavtale. Eg og resten av styret i Unio meiner denne avtalen vil sikre medlemmene våre ein trygg og god tenestepensjon.

Eit illustrerande døme:

Viss dagens ordning blir vidareført, vil ei som er 25 år i dag kunne få ein livsvarig pensjon på 49 prosent av sluttlønna viss ho går av med pensjon som 67-åring i 2060.

Den same 25-åringen vil med den framforhandla avtalen kunne få ein like god pensjon ved 64 eller 65 år, som ho med dagens ordning må jobbe til 67 år for å få.
Ved å stå lenger i arbeid enn dette, vil dagens 25-åring kunne få 66 prosent i pensjon ved 68 eller 69 år.
Å jobbe til ein er 68–69 år kan høyrest mykje ut. Men med ei vidareføring av dagens ordning måtte same person stå i arbeid til han eller ho er 73 år for å få 66 prosent i pensjon. Dette illustrerer kor tøft levealdersjusteringa slår inn. Men det viser også at det går mykje raskare å kompensere for levealdersjusteringa med den nye avtalen, enn om dagens ordning blir vidareført."




 

Akademikerforbundet
Tollbugata 35
0157 Oslo
Tlf.: +47 21 02 33 64
Web-redaktør: Astrid T. Sørland
post@akademikerforbundet.no

Utviklet av Imaker as