Konkurranse – ingen kvalitetsgaranti i helsesektoren

– Alle vil ha ein best mogeleg helse- og omsorgssektor. Somme trur visst at berre konkurransen er stor nok, så blir tenestene betre. Det held ikkje som medisin for god velferd.

Det slår Unio-leiar Ragnhild Lied fast i ein kronikk i Dagens Perspektiv.

Regjeringa vil at brukarane skal ha fleire leverandørar å velgje mellom, og foreslår ein godkjenningsmodell for fritt brukarval i helse- og omsorgstenesta. Dette forslaget har Unio svart på i høyringsrunden.

– Konkurranse kan vere ei positiv drivkraft i mange samanhengar. Det finst både private og ideelle tilbod i dag, som leverer godt. Men å ytterlegare konstruere ein pseudomarknad for å lage konkurranse på område som det offentlege har ansvar for, er ikkje fornuftig bruk av felleskassa.  At private aktørar gjerne vil hente ressursar frå den kassa er ei anna sak, skriv Lied.

Ho meiner det er feil medisin å bruke ressursar på å legge til rette for fritt brukarval  ved at flest mogleg tilbydarar skal konkurrere om pasientane og brukarane.

– Det får fleire uheldige og utilsikta konsekvensar. Dette er rimeleg godt dokumentert i Sverige, som har prøvd ut dette opplegget i ei årrekkje.

Ho viser til at mange forklarar dei mange koronadødsfalla i svenske sjuke- og aldersheimar i eit konkurranseprega og fragmentert system med mange og fjerne eigarar.

Ho understrekar også at regjeringa sitt forslag vil føre med seg auka byråkrati.  Fritt brukarval krev at kommunane skal administrere utlysing, søknadsprosess, krav, kontraktar, kontakt mellom pasientar og leverandør, og godkjenning og oppfølging av leverandørar.

– Ville det ikkje vere betre om kommunane brukte ressursane og kompetanse sin til auka dialog og samhandling mellom pasientar, brukarar og heile helse- og omsorgsapparatet i kommunen?  Og ikkje minst til å sikre stabile og gode tilbod. Det er ingen grunn til å gå i «svenskefella», skiv Unio-leiaren.

Du kan lese heile kronikken (pdf) her

Les Unios svar på høyringa om fritt brukarval i dei kommunale helse- og omsorgstenestene her




 

Akademikerforbundet
Tollbugata 35
0157 Oslo
Tlf.: +47 21 02 33 64
Web-redaktør: Astrid T. Sørland
post@akademikerforbundet.no

Utviklet av Imaker as