Offentleg sektor sin tur

Unio arrangerte i dag inntektspolitisk konferanse. Både Unio-leiar Ragnhild Lied og fleire av forhandlingsleiarane er svært tydelege på at offentleg sektor må prioriterast i det komande lønnsoppgjeret, og oppmodar til ein langt meir fleksibel praktisering av frontfagsmodellen.

Unio sine yrkesgrupper har gjort ein ekstraordinær innsats under pandemien. Dei må no få utteljing i lønnsoppgjeret. Det handlar også om å sikre rekruttering av naudsynt og kompetent arbeidskraft til offentleg sektor i framtida.

TBU-tala må få konsekvensar for oppgjeret

TBU-tala som kom 15. februar i år viste at tilsette i private bedrifter har fått mykje høgare lønnsvekst i fjor enn tilsette i offentleg sektor. Det provoserte.

– Når ikkje dei som set ramma for frontfaget følgjer opp ramma i praksis, blir vi provosert. Det må føre til at våre medlemmar i offentleg sektor blir prioritert i lønnsoppgjeret, sa Unio-leiar Ragnhild Lied.

Industribedriftene i privat sektor kravde eit moderat lønnsoppgjer i fjor. Resultata synte likevel at det er tilsette i offentleg sektor aleine som har følgt dette.

– Det er provoserande og problematisk, og må få konsekvensar for lønnsoppgjeret i år, skreiv Unio-leder Ragnhild Lied, forhandlingsleiar Steffen Handal i Unio kommune, forhandlingsleiar Lill Sverresdatter Larsen i Unio Spekter og forhandlingsleiar Guro Elisabeth Lind i Unio stat i ein kronikk i Dagbladet 23. februar i år.

Fleksibel praktisering av frontfagsmodellen

Arbeidsgjevarar i stat, kommunar og helseføretak har eit særskild ansvar for rekruttering og lønnsnivå for sine tilsette. Fleire av Unio sine yrkesgrupper har lågt lønnsnivå og store lønnsmessige etterslep. Dette må rettast opp innanfor ei fleksibel praktisering av frontfagsmodellen. Handlingsrommet i modellen må i langt større grad takast i bruk.

– Frontfagsvaktarane som no plutseleg manar til moderasjon lyt ikkje gløyme at dei sjølve og ein del andre forsynte seg godt over fasiten dei sjølve laga, seier Unio-leiaren.

Vekkar for regjeringa

Lied viste til at både lønnsresultata frå 2020 og erfaringane frå koronaperioden bør vere ein vekkar for Erna Solberg og regjeringa, som må innsjå at dei ikkje berre kan mane til moderasjon og syne til frontfaget som fasiten.

– Det er skadeleg for kvaliteten på tenestene offentleg sektor skal levere, og det er skadeleg for beredskapen i krisetider. Vi kan ikkje leve med ein situasjon der frontfaget blir brukt til å hindre rekruttering til grupper det er stort behov for. Og til å hindre både ei rettmessig lønnsutvikling og eit anstendig og rekrutterande lønnsnivå, seier Lied, og legg til at det er fullt mogleg å finne løysingar saman med Unio dersom styresmaktene og arbeidsgjevarane strekkjer seg.

Styret i Unio skal handsame inntektspolitisk fråsegn og fatte vedtak i styremøtet 9. mars.




 

Akademikerforbundet
Tollbugata 35
0157 Oslo
Tlf.: +47 21 02 33 64
Web-redaktør: Astrid T. Sørland
post@akademikerforbundet.no

Utviklet av Imaker as