Tillitsreforma må gje meir medverknad

– Det aller viktigaste i arbeidet med ei tillitsreform i offentleg sektor, er å få alle tilsette med på laget frå fyrste dag. Dette skriv Unio-leiar Ragnhild Lied i brevet ho sende kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram fredag 14. januar.

Før jul vart partane inviterte til eit innspelsmøte med ministeren for å diskutere korleis vi kan finne løysingar som gjev meir rom og tid for fyrstelina i stat og kommune. Slik kan dei gje betre tenester til innbyggarane.

Meir medverknad

– Medverknad gjennom partssamarbeidet er det fyrste som må på plass for at vi skal få eit godt samarbeid, betre kvalitet og auka tillit i offentleg sektor. Samarbeidet mellom dei tillitsvalde og leiinga må vere berebjelken i reforma, held Lied fram.

– Eit av tiltaka eg meiner må på plass, er meir kunnskap blant leiarar om avtaleverket som stadfestar retten til medverknad i kvardagen, seier Lied og fortset:

– Tillitsvalde må bli tatt med i reelle drøftingar i saker som har stor påverknad på arbeidsvilkåra for tilsette. At dette ikkje er på plass mange stadar, fekk vi stadfesta i Unio sin rapport om medverknad under pandemien.

Rapportering og kontroll

Eit anna viktig tiltak i reforma må vere å redusere alle krava om rapportering og kontroll, med detaljert aktivitetsstyring.

– I ei tillitsreform må vi finne ein betre balansere mellom omsynet til rapportering på den eine sida, og tilliten til kompetanse og det faglege skjønnet i profesjonane på den andre sida. Å trekke veksel på fagleg kunnskap og vurderingar vil gje betre kvalitet og betre utnytting av ressursane, meiner ho.

– Å byggje tillit tar tid, og i arbeidet med tillitsreforma må vi ha eit langsiktig perspektiv. Vi ser fram til dette arbeidet, ikkje minst til å få høyre frå fyrstelina kva for grep vi må ta for å auke tilliten i offentleg sektor, avsluttar Lied.

Brevet til kommunal- og distriktsministeren kan du lese her.

Les også sak i Forskerforum Nå starter arbeidet med tillitsreformen.




 

Akademikerforbundet
Tollbugata 35
0157 Oslo
Tlf.: +47 21 02 33 64
Web-redaktør: Astrid T. Sørland
post@akademikerforbundet.no

Utviklet av Imaker as