Ungdom må ikkje bere kostnaden av korona-krisa

Unio-leiar Ragnhild Lied er opptatt av at dei unge ikkje må bere kostnadane av korona-krisa. Difor er ho nøgd med at regjeringa har lytta til bodskapet hennar om å sikre ungdommen. – Det er veldig bra at regjeringa kjem med tiltak for å motverke fråfall og sikre at fleire fullfører utdanninga si, seier Lied. Ho skulle likevel ønske regjeringa gjorde meir for ungdommen.

I den tredje krisepakken som kom i dag foreslår regjeringa å løyve 450 millionar kroner for at fleire skal fullføre vidaregåande skule. Regjeringa løyver også 350 millionar kroner til tiltak for lærlingar.

– Eg er glad for at regjeringa kjem med særskilde tiltak for lærlingar og til rekruttering av nye lærebedrifter, seier ho.

Ein oversikt frå NAV viser ei samla arbeidsløyse på 12,6%. For ungdom mellom 20-24 år er talet så høgt som 15,9%. Arbeidsløysa blant ungdom er vesentleg høgare enn blant andre grupper. Partane i arbeidslivet og fylkesleiarane i NAV møttest i midten av mai. Då var alle bekymra for ei mogleg høg og vedvarande arbeidsløyse blant ungdom.

– Difor må vi møte krisa med fleire målretta tiltak som treff utsette grupper. Dei unge er den framtidige arbeidskraftsressursen i Noreg og den kompetansen norsk økonomi skal hente verdiskaping og konkurransekraft frå i åra som kjem. Vi må hindre at korona-krisa fører til at ein stor del av ungdomsgenerasjonen blir ståande utanfor arbeidslivet.  Det er stor fare for at arbeidsløysa blant ungdom fester seg på eit historisk høgt nivå i mange år framover, seier Lied.

Ho synest difor det er skuffande at det ikkje kjem tiltak for å få dei unge i arbeid.

I fase tre satsar Regjeringa i stor grad på at det er privat sektor som skal skape nye arbeidsplassar. Lied meiner det er samspelet mellom offentleg og privat sektor som kan bidra til å få opp sysselsettingsandelen blant dei unge. Ho viser til Sverige. Der har kommunane fått øyremerka 180 millionar svenske kroner som skal gå direkte til å skape sommarjobbar til ungdom.

– Pengane må i større grad brukast som eit springbrett for å betre ungdommen sine moglegheiter til å få innpass i arbeidslivet. Det synest eg er god bruk av krisepengar, seier Lied.

Ho er også opptatt av at dei som er ferdig med utdanninga, må få jobb.

– Eg tenker spesielt på dei med høgare utdanning og store lån som no i tillegg får utfordringar med å kome seg inn i arbeidslivet. Eg håper stortingspolitikarane får til ei meir målretta og rask satsing på dei ungdomane som er blitt arbeidsløyse på grunn av korona-krisa, seier Ragnhild Lied.

Du kan lese meir om «Utdanningspakken» her

Proposisjonen finn du her




 

Akademikerforbundet
Tollbugata 35
0157 Oslo
Tlf.: +47 21 02 33 64
Web-redaktør: Astrid T. Sørland
post@akademikerforbundet.no

Utviklet av Imaker as