Unio støttar pilotane sin kamp for eit anstendig arbeidsliv

Vi har ikkje innsikt i kva som har skjedd i forhandlingar og mekling, men i lys av det partane har uttalt, er det tydeleg at SAS-leiinga er for grådig når det gjeld omstilling og omorganisering.

Det organiserte arbeidslivet er basert på tillit mellom partane. Dette har ikkje SAS- leiinga tatt innover seg. Unio støttar difor pilotane sin kamp for anstendige tilsettings – og arbeidsvilkår.

– Det er ikkje greit at verksemder som SAS forsøker å organisere seg bort frå tilsette sine framforhandla lønns- og arbeidsvilkår. Dette er uakseptabelt og eit alvorleg brot med den norske modellen og dei arbeidslivsmodellene vi har i Skandinavia. Unio støtter difor pilotane sin kamp for eit anstendig arbeidsliv, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

Regjeringa følgjer no opp ei rekke framlegg frå Fougnerutvalet som nettopp skal komme i inngripen med denne type uakseptabel framferd frå selskaper som organiserer seg bort frå arbeidsgjeveransvaret.

Grunnlaget for den norske modellen er høg organisasjonsgrad og tariffavtaler som på ein god måte rammar inn og tryggjar lønns- og arbeidsvilkår for dei tilsette. Samarbeid med dei tillitsvalde er nøkkelen for å finne frem til gode løysingar.

Det kviler nå eit tungt ansvar på SAS-leiinga som må sørge for at forhandlingane kjem i gang igjen og at ein sikrar vilkår i tråd med eit anstendig arbeidsliv og den norske modellen.




 

Akademikerforbundet
Tollbugata 35
0157 Oslo
Tlf.: +47 21 02 33 64
Web-redaktør: Astrid T. Sørland
post@akademikerforbundet.no

Utviklet av Imaker as