Støtt opp om dei uunverlege studentane!

Det er på tide å få tilbake heiltidsstudenten, skriv Ragnhild Lied i siste utgåve av Dagens Perspektiv.

I desse dagar har tusenvis av studentar strøymt til universitet og høgskular. Men tilbyr samfunnet dei unge gode nok studievilkår, enten det gjeld studiekvalitet eller studiefinansiering?

– Det gjer vi neppe, ifølgje Unio-leiaren.

At mange vil studere og satse på kunnskap er overmåte viktig for den vidare samfunnsbygginga.

Utdanne for framtida

Norge manglar arbeidskraft på mange fagfelt. Det har vore ein viss nedgang i søkartala. Noko handlar om gode konjunkturar og at vi no nærmar oss ein slags normalitet etter pandemien.

Ein viss variasjon frå år til år må ein rekne med. Dessutan er det positivt at fleire unge vil ta ei yrkesfagleg utdanning i staden for lange studium i høgare utdanning.

Det er opplagt at studiefinansieringa må styrkast.

Studiestøtta har ikkje auka i takt med prisauken, og studentane opplever nedgang i kjøpekrafta.

Opp med G

Denne hausten er det mange stader ein formidabel auke i husleiga. Unio har tidlegare kravd eit nivå på minimum1,5 G, 167.000 kroner, og årleg regulering.
Prisveksten tilseier no at nivået bør leggast på 2 G. 230.000 kroner.

Grunnbeløpet (G) i Folketrygden er 111 477 kroner fra 1. mai i år.

Les meir her





 

Akademikerforbundet
Tollbugata 35
0157 Oslo
Tlf.: +47 21 02 33 64
Web-redaktør: Astrid T. Sørland
post@akademikerforbundet.no

Utviklet av Imaker as